Måndag 11. februar er det plana å gå Kløvertur etter skogsvegen i Øyalia. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11:00. MEN: Yr melder snø og litt vind, så det kan bli aktuelt å legge om turruta.
Søndag er det fine forhold for turgåing etter skogsvegen som er brei og fin, og godt brøytt. Men kjem det mykje snø, legg vi turen etter allmannvegen og bestemmer turruta i lag ved oppmøte. Derfor er det lurt at alle som vil vere med på tur, møter opp ved Hals.
ALLE ER VELKOMNE TIL Å BLI MED UT PÅ TUR!
Ansvarlege for Kløverturen i Todalen sanitetsforening er: Marit Sanden Søyset, Jorunn Husby, Sigrun Ørsal, Jorunn Hals Ørsal, Åse Ville Redalen og Dordi Jorunn Halle.