Måndag 18. februar kom med nydeleg ver; sol og mild vind – eit lite streif av vår! På Kvennsetgarden har dei no lang solgang, og i dag gjekk heile Kløverturen i sol.
Alle starta i lag frå Hals, men etter kvart tok turfølget litt ulike turruter. Og det er slik som det skal vere, for mottoet er: «På Kløvertur skal alle med!» Da skal turen vere slik at tempo og lengde kan tilpassast turgåarane. Det viktigaste er å kome ut, vere fysisk aktive og samtidig sosiale. Praten er viktig!

Fint ved sjøen i dag. Frå venstre: Arndis, Helga, Helen, Kari, Jorunn, Marie, Åse Johanne, Dordi. Foto: Jorunn H
Her vart det tur utover Stranda langs sjøen i solskinet, ei gruppe ville ha motbakke og var ikkje redde for litt snø og tok turen oppå Løfta. Andre tok kortare turar i byggefeltet og utover til Småbåthamna.
Til slutt vart det treff i kaffekroken på bua. Ein fin dag!

Sigrun, Marit og Ildri fekk ein triveleg prat med Eilert oppe på balkongen. Eilert hadde vore på trugetur. Foto: Dordi J H
Det blir ny Kløvertur neste måndag. Turmålet blir bestemt når det nærmar seg helg, da både ver og føre er så skiftande denne årstida.