Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i nydeleg haustver

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. november 2025

Første måndagen i november var det sol frå klår himmel, vindstille og heilt nydeleg turver.

Sola står lågt på himmelen no, så kløverturruta gjekk etter solstrålane. Da vart det tur frå Matkroken, ein runde i byggefeltet, utover til Småbåthavna, forbi Settefiskanlegget og retur til Kaffekroken.

Ute på styggverstur: Dordi Jorunn Halle, Helen Saksen og Jorunn Husby. Foto: Marit Sanden Søyset.

Siste måndagen i oktober var veret ruskut, og ein godt påkledd gjeng tok ein runde i Toåa tursti. Her vart det pause innomhus i gapahuken. Turstien er ei eit kjøle godt alternativ når veret ikkje inspirerer til «utflukt».

Ny kløvertur måndag 10. november, men sesongslutt nærmar seg.

Fleire bilete:

Finversdag ved Todalsfjorden. Foto: Marit Sanden Søyset.

Godt med ly. Helen, Jorunn og Marit. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Det grør til i raset som gjekk i Stranda i juli 2013. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Vakker dag i Småbåthavna. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

Publisert: 3. november 2025, 22:53