Første måndagen i september varta opp med sol og godver; ein retteleg fin dag for kløvertur.
Kløverturen gjekk får Surnadal bygdemuseum på Åsen og etter kavlvegen opp til kvilebua ved Lomtjønna. Deretter vart det ein rundtur bortover til enden av kavlvegen ved fylkesvegen. Kjekt å gå heile runden. No var brua over Grytå ferdig med overbygg.
Vel tilbake ved Lomtjønna vart det triveleg kaffepause før retur til Åsen.
Etter veker med mykje nedbør var myra utruleg våt med store dammar langs vegen. Her hadde det vore tungt og vått å ta seg fram utan kavlveg. Slik var det nok også da dei bygde den første vegen her på 1100-talet.
Fleire bilete: