I motsetning til siste måndagen i september kom første måndagen i oktober med nydeleg haustver; stålande sol frå skyfri himmel og vindstille, men kaldt. Mykje snø i fjella, og mange kuldegrader om natta.
Kløverturen var lagt til Nordvik, og det var eit godt val! Her stenger ikkje høge fjell for sola, og Kløverturgjengen gjekk i sol heile vegen. Godt!
Turruta gjekk frå Rabbleet om Åsbøhagan og Sjøtrøa utover til Haltbakkan. Dette er ei kjøle fin og triveleg turrute som er god å gå. Og det er fin utsikt mot fjell og fjord, både innover og utover Todalsfjorden, rett og slett berre flott!
Kafferast i ein fin gapahuk, her vart det lang pause; tida går fort i godt lag!
Neste måndag blir KløverRUSLEtur, og etterpå er det lunsj i Sanitetshuset. Langtidsvarselet lovar godt ver, så det kan bli ein nok ein fin dag.
Fleire bilete frå Kløverturen: