Endeleg vart det sol og varme! Endeleg vart det kløvertur utan luer, skjerf, ullvottar og ullstilongs! Det var godt og på tide!
Kløverturen 8. april gjekk etter Toåa tursti i nydeleg ver, sol og stilt, heile 14 varmegarder. I alt var det tolv vaksne jenter med på dagens kløvertur. Det var utruleg fint å gå langs Toåa, elva rann så stilt og fint.
Turfølget var innom gapahuken både i Gunnøya og i Båthølen. Turen vart avslutta med triveleg prat i Kaffekroken på Halsbua.
Ny kløvertur om ei veke, 15. april.
Og til sist ei påminning om at det er medlemsmøte i Todalen sanitetsforening tysdag 9. april kl. 18:30 i Sanitetshuset.
Fleire bilete: