Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i Kavlvegen kultursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 1. september 2025

Første september var det retteleg godt og lagleg ver for kløvertur; – sol og god temperatur. Hausten har alt sett si farge på myra oppå Eia, – det vart ein riktig så fin turdag!

Slik var den originale Kavlvegen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Turruta var tur/retur Åsen – Lykkjeeidet, – ein godt tilrettelagt tur som passar for alle. Denne ferdselsåra er gammal og eit freda kulturminne: «Kavlvegen kultursti har både ide og namn frå eit intakt arkeologisk funn i dette myrområdet – ein 800 meter lang kavlveg i kløyvde trestokkar, der yngste stokk er datert 1160. Konserveringsforhold i myr gjer at ubehandla tre blir godt bevart». Rekonstruksjonen av denne historiske vegen vart utført i åra 2019 – 2023.

Idyllisk ved Lomtjønna. Marit Sanden Søyset.

Denne sommaren er det ekstra fint i Kavlvegen da det er kunstutstilling langs vegen. Dette er resultatet av kunst-workshop for barn i juni der Ane Vik Eines frå Aure var instruktør, og teknikken var veving med stoffrestar. Dei fargerike skulpturane pyntar opp og set farge på turen i Kavlvegen.

Kunstverk ved kvilebua. Foto: Marit Sanden Søyset.

I godveret vart det både ein lang og ein kort kaffepause framfor kvilebua ved Lomtjønna.

Kløverturen om ei veke blir på Nordvik med tur utover til Haltbakkan. Blir du med?

Fleire bilete Kavlvegen:

Turgjengen. Fremst: Synnøve, Jorunn Ø, Helga, Jorunn H. Attanfor: Marit, Helen, Arndis og Solveig. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Naturleg portal inn til kvilebua. Foto: Marit Sanden Søyset.

Det vart to lange matpausar denne måndagen. Rundt bordet: Jorunn H, Helga, Jorunn Ø, Synnøve, Dordi Jorunn, Berit, Helen, Arndis, Solveig. Foto: Marit Sanden Søyset.

Grå i håret, så kjekt med fargerik ramme! Dordi Jorunn på biletet og Marit Sanden Søyset er fotograf.

 

Publisert: 1. september 2025, 22:53