Låg sol og høge fjell gjer at det no blir mindre og mindre sol nede i bygda. Kløverturgjengen la dermed trimturen første måndagen i november til Hjellnes. Solstrålane vart utnytta til fulle; – da kaffepausen var over, gjekk sola ned bak fjella.
Turen starta frå Kammen. Derifrå gjekk turen etter gardsvegen opp til Hjellnes og vidare etter ein fin og idyllisk skogsveg innover lia mot Todalen. Det er mange skogsvegar i Hjellnesliene, så heldigvis vart Solveig Glærum med som guide.
Dette vart ein riktig fin, god og triveleg turdag. «Det er kjekt å gå tur i godt lag!» – slik vart dagen oppsummert.
Neste måndag, 11. november, blir det siste Kløverturen i 2019. Viss det er sol og fint ver, blir turen lagt til Kvennsetliene og Løfta.
Fleire bilete frå ein riktig fin dag: