Haustsesongen for Kløverturane i Todalen sanitetsforening startar måndag 19. august. Turen denne dagen går frå redskapshuset på Talgøgarden og innover skogsvegen til «Gammelreiret». Oppmøte ved Hals/Matkroken og samkjøring derfrå kl. 11:00. All er velkomne til å bli med ut tur!
Dette er ein fin tur og er lett å gå. Det blir kaffepause på terrassen på Gammelreiret, mat og drikke må ein ha med sjølv. Det er sosialt og triveleg å gå tur i lag med andre. Om du ikkje har vore med på tur før eller ikkje er medlem i Sanitetsforeninga, så ser du hjarteleg velkomen til å bli med på Kløvertur!
YR melder godt ver.
VEL MØTT !