Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 31. august frå Bruset til Hengebrua. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Opplegg:
Start frå fjøset på Bruset kl 11.10. Turen går innover langs Toåa forbi Fosstrøinn og innover til gapahuken nede på Ner-Neset. Pause i gapahuken. Kvar enkelt må etter behov ha med mat og drikke.
Her kan ein gå ein rundtur; altså gå frå gapahuken innover til Hengebrua og så retur på Halasida eller etter Markavegen utover til Bruset.
Yr lovar sol.
VEL MØTT!