Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 12. juni. Oppmøte ved Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Turopplegg:
Samkjøring frå Matkroken og opp til Bruset. Derifrå går turen langs Toåa innover til Fosstrøinn og vidare til Hengebrua. Retur om Halanesset, Ramsøya og Fillipbrua.
Det blir kaffepause i gapahuken ved Toåa nedanfor Brusetnesset.
Dette er ein tur i flatt og fint terreng.
VEL MØTT!