Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 17. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl.11:00. Turen blir etter allmannvegen, enten utover Stranda eller oppover bygda.
Yr melder greitt ver; opphaldsver, 6- 7 varmegrader og svak vind frå aust/nordaust.
Det er ikkje så lett å finne gode turruter, i gardsvegar og skogsvegar er det no delvis snø og litt glatte parti. Vi får håpe det snart blir stabilt finver!
ALLE ER VELKOMNE TIL Å BLI MED UT PÅ TUR!
Vel møtt!