Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 23. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut og gå!
Plana er å kjøre til Todalsøra og gå utover i retning Ansneset. Pause ved Ansnessaga og eventuelt nyte matpakke og kaffe. Det ser ut til å bli fint ver så dette kan bli ein riktig fin tur langs fjorden. Så er det berre å håpe at havskodda held seg unna!
VEL MØTT!