Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverstukveld på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. februar 2025

Måndag kveld inviterte Talgø Bygg til Kløverstukveld på Gammelfabrikken, der Nils Ove Bruset frå Talgø Bygg stod for det faglege innhaldet som denne kvelden var om Talgø Bygg sin satsing på landbruksbygg. Nils Ove har jobba med dette heilt frå dens spede start på Talgø Møretre og har god kontakt med miljøet.  Måndag var det altså medlemane i dei lokale bondelaga som var inviterte gjestar.

Nils Ove Bruset tok med gjestane til den historiske avdelinga, der dei mellom anna fekk sjå den berømte Tingvollulven. Foto Jon Olav Ørsal

Kløverstukveldane var som det ligg i namnet faglege infokvelder som vart halde på kveldstid i Kløverstua på Skei, og er ein kombinasjon av fagleg input og ssial kontakt, der bøndene kunne treffe kollegaer etter «fjøstid».  Denne kvelden var det altså landbruksbygg som stod på agendaen, og det var mange frå dei lokale bondelaga som nytta høvet til å gjera seg kjent med Talgø Bygg og produkt og teneste som dei leverer.  

Todalshytta serverte ei prima fiskesuppa til deltakarane på Kløverstukvelden på Gammelfabrikken. Foto Jon Olav Ørsal

Kløverstukvelden på Gammelfabrikken starta med servering av fiskesuppe frå Todalshyttas kjøkken, og neste post på programmet var omvisning  – mellom anna fekk deltakarane sjå den nye historiske utstillinga og Trollheimsutstillinga.  Deretter var det samling og gjnnomgang av den faglege delen.  

Nils Ove Bruset frå Talgø Bygg var vertskap på Kløverstukvelden og sørga for fagleg input til deltakarane. Foto Jon Olav Ørsal

Talgø Invest er medlem i Todalen.no

Publisert: 11. februar 2025, 08:09