Måndag 11. juni inviterer Saniteten til Kløverrusletur ved Gammelfabrikken, Fossheim. Her er det fint å gå rundt ved fabrikken eller utover vegen i retning Trudvang for rullatorbrukarar og andre som vil halde seg på flata.
Ønsker ein gå ein brattare og lengre tur, kan ein gå i retning Tjønnmyrane eller Talgø eller ein runde ved fossen. Etter trimturen blir det kaffelag, graut og bakels og anna godt til kaffien.
Opplegg:
- Vi tilbyr skyss frå heimen og til Gammelfabrikken.
- Den som treng skyss, kan ta kontakt med Dordi Jorunn Halle, tlf.: 92 45 80 07.
- Vi møtest ved Hals kl. 11:00 og samlast ved Gammelfabrikken kl. 11.15.
- Kaffelag med sosialt samver.
Vi håpar riktig mange, både herrar og damer, har lyst til å bli med på Kløvertur.
Alle er velkomne!
Men: Blir det dårleg ver, blir det base ved Sanitetshuset og tur rundt i byggefeltet. Kanskje nokon vil ta ein tur opp til Løfta.