Måndag 28. mai inviterer Saniteten til Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå. Her er det fin gapahuk og fine, faste grusvegar å gå etter. Her kan ein gå så kort eller langt ein vil i eige tempo, og ein kan ta seg fram med både rullator, krykkjer eller stavar.
Etter å ha gått litt og sett seg om i det fine anlegget, blir det kaffelag i gapahuken med kanelsnurrar, graut og bakels.
Opplegg:
- Vi tilbyr skyss frå heimen og opp til Tjønnmyrane.
- Den som treng skyss, kan kontakte Jorunn Ørsal, tlf.: 94 27 89 14.
- Vi møtest ved Halsbutikken kl. 11.00 og samlast oppå Tjønnmyrå kl. 11.15.
- Kaffepause med sosialt samver.
Tjønnmyrane ligg på Talgø, på høgdedraget utanfor for Vestrum.
Vi håpar riktig mange, både damer og herrar, har lyst til å bli med på KløveRUSLEtur!
Alle er velkomne!
Men: Blir det dårleg ver, blir det base i Sanitetshuset og så legg vi turen rundt i byggefeltet på Kvennset.