Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KløverRUSLEtur og lunsj oppå Tjønnyrå

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. september 2019

Sanitetsforeninga inviterer måndag 9. september til KløverRUSLEtur og lusnj oppå Tjønnmyrå! Det blir først tur for den som vil, og etter turen blir det lunsj med grilling av pølse med tilbehør. Alle er velkomne!

OPPLEGGET blir slik:

Oppmøte ved Hals/Matkroken og samkjøring derifrå kl. 11:00 opp til Tjønnmyran. Her kan folk rusle rundt eller ta ein spurt i lysløypetraseen. Alle får nokon å gå i lag med.

Det blir varme i peisen og i bålpanna. Sanitetsforeninga serverer pølser med brød/lompe, saft, kafffe , frukt og sjokolade. Altså lunsj ute i det fri! Her kan ein få grille sjølv eller få ferdiggrilla pølse. Det blir lunsj ca. kl. 12.00.

Den som treng skyss kan ta kontakt med Jorunn Gislaug Ørsal – 922 78 914 eller

Dordi Jorunn Halle 924 58 007.

YR meldet godt ver, men det er kald haustluft.

Arrangementet varer ein par timar, så alle får tid til å delta i valet etterpå.

VEL MØTT TIL KLØVERTUR OG LUNSJ UTE I DET FRI!

 

Publisert: 7. september 2019, 10:05