Sjølv om det var nysnø i fjella, litt grått og surt, så ville kløverturgjengen oppå Tjønnmyran på tur. «Vi er godt kledde,» sa dei vaksne, men spreke og tøffe damene på 80 og 90 år +! Og det vart både trimtur, kaffelag og til slutt allsong av Todalssongen – ein retteleg triveleg føremiddag.
Alle 24 oppmøtte starta med trimtur, og her kan ein gå i eige tempo og så langt ein vil, før ein returnerer til basen i gapahuken. Det er godt å kome opp i skogen og bort frå asfalten. Jenny, snart 97 år, fortalde at ho hadde gått lengre tur i dag enno ho greidde da vi var her for tre månader sidan!
Karen Johanne fyrte i peisen, og med pledd, sjal og sitjeunderlag, heldt vi varmen medan vi kosa oss med kaffe, graut og bakels. Olina kom heilt frå Skei, og ho syntest det var kjekt å gå tur, kome ut i terrenget, treffe kjentfolk og få synge Todalssongen! Kitty og Ingrid, 90 og 92 år gamle, tok opp tonen og var forsongarar.
Kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening set pris på at så mange blir med på turane som dei arrangerer. Alle er velkomne til å vere med på turar måndagane framover hausten. Her er det inga aldersgrense – men ikkje alle turane passar for rullator. Men det blir ny rusletur om 14 dagar.
Fleire bilete frå Rusleturen: