Siste måndagen i september var det duka for ny Kløverrusletur. Sola skein frå skyfri himmel og det var ikkje ein gong vind på Kvennsetørå – ideelt turver!
Denne dagen var turen lagt i nærområdet til Sanitetshuset der vi hadde base. Oppmøtet var godt, og turdeltakarane fordelte seg på turar som passa kvar enkelt. Somme tok turen opp til trimboka oppå Løfta, andre tok ein tur innover skogsvegen og deretter ned til sjøen og «rullatorgruppa» gjekk rundt Kvennsetøran bustadfelt.
Etter kvart samla alle seg rundt langbordet på plattingen framfor Sanitetshuset, og her vart det stort kaffelag med god servering. Som vanleg bakels med graut, i tillegg vart hausten prisa med nydeleg eplekake. Praten gjekk livleg og det såg ut som alle treivst i godveret. Forresten så vart langbordet for kort, det måtte utvidast – kjøle triveleg!
Oppmøtet både på Kløverturane og Kløverrusleturane er godt, det fortel vel at mange synest det er kjekt med uformelle møteplassar i bygda vår. I dag var det 25 rundt kaffebordet, men det er plass til fleire!