Måndag 24. juni inviterte Sanitetsforeninga til Rusletur, siste Kløverturen i vårsesongen 2019. Dette vart ein fin sommardag, så da gjekk turen til Småbåthamna der det er fint å samlast ved sjøen.
I dag vart det over 20 personar med på tur, da vart det ekstra kjekt og sosialt rundt kaffeborda. Kaffepausen vart lang, og da vi avslutta, var brødfata tomme, men alle var godt forsynte og fornøgde.
Kløvertursesongen starta opp 4. februar, og i alt har det vorte 18 turdagar i all slags ver og føre. No blir det pause fram til midten av august. Men det er viktig å halde forma ved like og ta turar ut jamt og trutt!
Da er det å håpe på ein fin sommar og mange gode Kløverturdagar når hausten kjem!
Her er fleire bilete frå Rusleturen: