Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klesinnsamling til Estland

Klesinnsamling til Estland

Elinor Bolme Sundag 24. januar 2010

Også i år dreg Todalen Sanitetsforening i gang ein innsamlingsaksjon av klede og lignande som vil bli sendt med Estlandsforeninga nedover til Estland ein gong utpå vårparten. Dato for innsamlinga er vorte satt til laurdag 17. april.

Sanitetsforeninga håpar at mange også i år nyttar høvet til å rydde i heimane og komme med eit lite bidrag til dei som treng det sårare enn oss her heime. Kledene bør vera reine og heile, men også sko, leiker, pledd, sengklede og anna høvelege bruksting av ikkje alt for stort format blir gladeleg motteke. Mottaket vil foregå i Sanitetshuset også denne gongen, med høve for sosialt samver for den som har tid til det.

For den som vil lese meir om kva ein støttar ved ei slik innsamling, anbefalar vi http://www.estlandsforeningen.no/, og kan nok med sikkerheit lova at alt som gis i dette høvet kjem fram dit det skal.

Først publisert: 24. januar 2010, 12:25 - Sist oppdatert: 28. juni 2010, 04:02