Torsdag var det planlagt stavgangtur til Sjøasetervatnet, men regn og gråvêr gjorde reserveløysinga med tur til Kleiva i staden vart aktuell. – Derfor vart det start frå kulturhuset og oppover bakkane til Kleiva.
Der var det fleire oppå – både gammel og ung, og det vart ein koseleg kaffepause under tak på nyscena. Der vart det både kaffe og nystekte pannekaker med blåbær – alt akkompagnert av heftige regnbyger som tromma på scenetaket.