Det var slett ikkje uventa at Einar Sødergren fikk årets Kleivapris. Einar har lagt ned ein stor innsats på fleire plan for song- og musikklivet på Indre Nordmøre. Sødergren blir omtala som multitalent, og vi kan vel berre nemne «My Fair Lady», «Sommer i Tyrol», «Bør Børson», «cABBAret» og «Huldredans» som er nokre av dei store verka frå hans hand.
Elles kan vi og nemne Einar Sødergren som mangeårig dirigent for ymse korps – no er det Surnadal Hornmusikk som får nytte godt av hans arbeid. Les meir om utdelinga av Kleivaprisen på Driva.no