Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kleivakveld på Kleiva i år

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. mai 2024

Vårsøghelga har akkurat no sendt oss ei pressemelding, der det heiter at årets Kleivakveld, som blir arrangert i samband med Vårsøghelga laurdag 25. mai klokka 18:00 i år blir på Kleiva. – Vi er glade for å informere om at årets Kleivakveld blir på Kleiva i strålande sommarvêr, heiter det i pressemeldinga.

Bjarne Brøndbo, med fleire skal sørge for ein uforgløymeleg Kleivakveld med fantastiske kulissar og fuglesong. Det blir sal av kaffe, bakels og drikkevarer, lovar arrangøren

Sidan Kleivakvelden blir flytta frå Storstuå på Surnadal kulturhus til Kleiva, vil det bli lagt ut mange fleire billettar, når billettsystemet opnar opp att etter pinsehelga.

Om nokon har utfordringar med å gå opp til Kleiva, blir det sett opp transport frå Surnadal kulturhus rundt klokka 17:00.

Gå inn på varsoghelga.no for utfyllande informasjon om Vårsøghelga 2024.

 

 

Publisert: 20. mai 2024, 11:49