Laurdag går den årlege klauvvegmarsjen til Vindøldalen. Den har start frå Rabbå oppå Holtamoå, og går etter den gamle klauvvegen til Vindøldalen, med start kl 10. Det blir pausar med tid for svartkjele og kaffe på vegen. Følget rekar med å være framme på Røsta ca kl 15.
Det blir klauvhestar med på turen, og framme på Røsta byr dei på underhaldning med Larsens Kvartett. Nils Røv er og på setra, og vi reknar med at han har med munnspelet. Matslag – rømmegraut, bakels og kaffe frå kl 12.00. Her kan du laste ned plakaten
Søndag 2. august er det gudsteneste på Røsta kl 12, og det blir matsalg etterpå, som på laurdag.