Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klatrerommet på Bordholmen demontert i går kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. mars 2023

På årsmøtet til Todalen Idrettslag førre onsdag, vart styret sitt forslag om å demontere klatrerommet i reiskapshuset på Bordholmen samrøystes vedteke. Styret fekk ansvaret for å gjennomføre demonteringa og starte arbeidet med å innreie dette til aktivitetsrom for dei yngste medlemmene i laget.

 

Med ti personar med på dugnad, gjekk demonteringa av klatrerommet fort. Foto: B G Ansnes

Grunnen til at styret foreslo for årsmøtet å demontere klatrerommet, er dei strenge reglane som no gjeld for klatring, fordi klatring no blir definert som «risikosport». Reglane som gjeld i dag er mykje strengare enn dei reglane som var gjeldande da klatrerommet vart etablert og bygd på starten av totusentalet.

Arbeidet gjekk fort unna! Foto: B G Ansnes

I går kveld hadde styret difor kalla inn ein gjeng for å vere med på demonteringa, og sidan vêrgudane ikkje varta opp med vêr som freista til uteaktivitetar, så passa det bra med litt innandørs arbeid denne kvelden. Jo Gjeldnes hadde rett nok tjuvstarta litt med å demontere klatre tak måndag kveld, så arbeidet i går kveld vart unnagjort på litt i underkant av to og ein halv time. Da var alt demontert og rommet grovrydda. Styret i idrettslaget er opptekne av berekraft, så mykje av materialane blir no lagra i reiskapshuset for gjenbruk i andre prosjekt idrettslaget har i tida som kjem.

Turid Sæther sopar golvet etter at alt er demontert. Foto: B G Ansnes

Klatre taka vart demontert og vil saman med skruane dei var festa med bli lagt ut for sal. Dei materiala som ikkje egna seg til gjenbruk vart sortert og teke hand om på forsvarleg vis. Styret vil no starte arbeidet med å innreie rommet til aktivitetsrom for dei yngste medlemmene i laget, eit arbeid dei håper vil vere ferdig om ikkje så alt for lenge.  

Først publisert: 23. mars 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 22. mars 2023, 22:52