Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klassefesten frå 1954 – 70 år etter….

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. august 2024

Det er lenge sia sist, men dei fann fort att tråden.  1947-årgangen hadde sine første skuledag ein av augustdagane i 1954, og da var dei eit årskull på 8 jenter og 4 gutar som starta skulegangen i første klasse i Todalen skule.  Randi Ansnes, seinar gift Ramsøy, var lærar og det som i dag blir kalla klassekontakt for dei nye førsteklassingane.

Dei fann fort att tråden, sjølv om det hadde gått 70 år sia dei var førsteklassingar på Todalen skule i 1954. Foto Jon Olav Ørsal

70 år etter er den same gjengen samla til feiring og mimring i Skulstua eller Gammelskulen som vi seier til dagleg.  Alle 12 er «still going strong», men av forskjellige grunnar er dei ni som er med på feiringa.  Sist nokre av dei var samla var det året dei var 50-årskonfirmantar, men no tykte dei at det var på tide med ei 70-årsfeiring.  Og praten gjekk lett rundt bordet i Skulstua – det var mykje å minnast frå tida på Todalen skule.  – Vi hadde det så godt i lag, og mobbing fantes ikkje den gongen.  Vi gjekk på skulen annakvar dag den tida, heilt til vi kom til 7. klasse.  Da vart det 5-dagers veke med laurdagsfri – og undervisning kvar dag det siste året. 

I dag var det altså klassefest i Skulestua (Gammelskulen), der 9 av dei 12 var samla å minnast og for å mimre.

Den gongen var formingsfaget 2 vekers konsentrert undervisning i sløyd for gutane og handarbeid for jentene og på sommarhalvåret hadde elevane skulehage – ein liten parsell der dei dyrka grønsaker og blomster.  Herredsagronom i Stangvik, Magnor Haltbakk, var med som inspirator og rådgjevar.  I dag kom både minnebøker og handarbeid på bordet, og mange gode minner strøymde på når gamle inner vart friska opp igjen. 

Samla til kaffelag i Skulstua – det var mykje å minnast. Frå venstre Jon Bruset, Inge Arvid Husby, Trygve Halle, Ruth Nordvik Voldnes, Eli Moe Sande, Åse Rendal Holten, Ingrid Birgitte Gisnås Palmieri, Anders Halset og Dordi Ørsal Oterholm. Dei som ikkje var til stades – Inger Helga Brusethaug Nilsen, Astrid Rendal Edvardsen og Svanhild Talgø Kvendset. Foto Jon Olav Ørsal

I dag var altså gjengen samla rundt bordet i Skulstua, og da vart heile gjengen traktert med sodd, og etterpå var det kaffe og blautkake til dessert.  Og praten gikk vidare om både laust og fast, og sjølvsagt gammle minner som kom fram att, og jammen trur eg klassekameratane frå 1954 kosa seg utover dagen.  

Publisert: 3. august 2024, 16:16