I.L. Ulvungen og Todalen I.L. minner om Trollheimsmarsjen som arrangerast komande søndag og at marsjen denne gongen går frå Ålvundeid til Todalen. Deler av merkinga er alt på plass, og søndag morgon er det klart for start mellom kl 9.00 og 11.00. Det er sett opp ein bussavgang frå Todalen til Ålvundeid, med start frå Bordholmen kl 8.30 og påmelding skje ved starten på Leikvoll.
På ettermiddagen er det sett opp to bussavgangar frå Todalen til Ålvundeid med avgang kl 15.00 og kl 17.00. Vêrtilhøva ser etter meldingane på yr.no ut til å bli bra, men det lønner seg å ta med godt med klær og mat. Turens høgaste punkt ved Vardan ligg tross alt på 850 m.o.h. Nedafor finn du fleire opplysningar på plakaten.