Da er traseen for Trollheimsmarsjen ferdigmerka både på todalssida og på Ålvundeidsida melder Dag Nikolai Gjersvoll i I.L. Ulvungen. Han rapporterer om fine forhold, og håpar sjølvsagt at det ikkje kjem regn. Han anbefaler å gå Tverrlia, da det er blaut myr rundt Litjkjerringhalsen. Postane for naturstien er også på plass, og på nedturen til Ålvundei er postane plassert mellom Vardan og Kjerringvatnet og i heistraseen i Børsetlia.
Gjersvoll håpar at det blir stor deltaking i årets Trollheimsmarsj, og ønsker alle velkomne til start frå Bordholmen stadion søndag mellom 08.30 og 11.00. Her kan du studere vermeldinga for Vardan. God tur!