Fredag kveld var det siste innspurt med dugnad og tilrigging på Bordholmen. Todalen I.L.’s fotballgruppe står som arrangør av Todalsdagen 2010, og alt ligg no til rette for at over 400 forventningsfull knøtter, lilleputt og lillegutter/lillejenter skal rykke inn på arenaen og være klare til avspark lørdag kl 09.30. Det er lag frå Romsdal i sør til Trøndelag i nord, i tillegg til mange lag frå Nordmøre som skal ta del i fotballcupen under Todalsdagen.
Todalen I.L. håper at dette blir ein festdag, der både deltakarar, supportarar og «sponsorar» kan kose seg i lag. Og vi håper sjølvsagt at alle kan reise heim med massevis av gode minner frå Todalsdagen 2010.
Velkomne til Todalsdagen og Todalen!