Det er snart berre snorkløppinga som står att for den nye brua over Kvennhuselva på vegen opp til Hjellnes. Det er det siste året pågått opprusting av vegen opp til Hjellnes i samband med Statnetts prosjekt for bygging av ny kraftlinje mellom Surnadal og Sunndalsøra. Det blir i samband med dette arbeidet etablert ein helikopterbase på Hjellnes og dette er årsak til oppgradering av vegen og altså bygging av ny bru over Kvennhuselva.
Det er entreprenørane Bredesen og Christie som har stått for bygginga av brua som no ser ut til å være klar til å tas i bruk. Det står berre att å fjerne røra/kulverten som har gjort det mulig med omkjøring i byggeprioden.

Brua har fundament i betong o dekke og rekkverk i tre. -Ei solid bru konstaterer Nils Gjeldnes. Foto Jon Olav Ørsal
Vi hadde med oss Nils Gjeldnes som «kjentmann» da vi var på på synfaring i dag, og vi vil foreslå at Nils får kløppe snora når nybrua skal takast i bruk. Han er næraste nabo til nybrua, og har nok fulgt med på byggeprosessen etter kvart som den har gått framover. Det har iallfall vorte ei fin og solid bru som brukarane kjem til å få mykje glede av.

Den nye brua over Kvennhuselva på vegen opp til Hjellnes – no er brua ferdig og kan snart takast i bruk. Foto Jon Olav Ørsal