Torsdag kl 8.30 er det klart for oppstart av eit nytt skuleår også for Todalen Oppvekstsenter. I år som i fjor er skulen todelt, med Dordi Jorunn Halle som rektor, og Bjørn Einar Høivik som einingsleiar. Ellers har oppvekstsenteret Britt Mossing, Laila Buskenes Aune og Torill Gjeldnes som tilsette fag- og kontaktlærarar. Solvor Røen og Ann Karin Svensli er tilsette som assistentar både på skule og SFO.
Skulen byrjar 8.30 kvar dag for alle elevane, og dei som har behov for SFO før det, har hatt moglegheit for påmelding i førekant av skulestarten. Dei elevane som går i 1.-4. klasse er også så heldige at dei har moglegheit til å kunne benytte seg av leksehjelp dei tre første dagane i veka.
Her kan du sjå skuleruta for 2011/2012.