Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for Romjulsmarsj – start frå 12:00 til 14:00

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2024

Trimgruppa har i travle føremiddagstimer førebudd romjulsmarsjen med servering av gløgg og saft på meldestasjonen på Bruset.  Vi tok runden rundt bygda for å sjekke føret, og kan melde at det stort sett er bart og godt føre rundt heile bygda.  Nokre få flekkar med litt is, med det kan god brukast vanleg joggesko eller fjellsko på turen rundt bygda.  Har du piggsko og stavar så er du iallfall heilt trygg. 

Trimgruppa serverer gløgg og saft på bruset, og der blir det og høve til å kjøpe lodd i romjulslotteriet som har trekning umiddelbart etter målgang.  Merk at det i år er start i tida mellom kl 12:00 og 14:00.

Kom og bli med oppfordrar TILs trimgruppe!  Det gjer så god å kome seg ut for å få litt frisk luft –  det er heller ikkje dumt å være litt sosial.  Kanskje så treffer du både naboen og veenner som er heime på juleferie.   Alle er velkomne til å bli med!

Publisert: 27. desember 2024, 05:00