Da er Stikk UT!-koden for sesongen 2021 på plass på Tjønnmyran. Stikk Ut!-kontakt i Surnadal, Norunn Holten, melder at det opna for registrering av turar i rundturen om Tjønnmyran 13. mai.
På grunn av mykje snø og sein vår er det mange Stikk UT!-turar som framleis er «vinterstengt», men no er det fint å ta rundturen om Tjønnmyran. Det er stort sett tørt og fint heile runden,- berre ein urliten snøflekk att på stien.

Våren er ikkje komen så langt enno her – det er blakt i skogbotnen og musøyre på bjørka. Foto: Dordi J H
Dette er ein fin familietur med fine rasteplassar som ved gapahuken på Tjønnmyran. Her er det fint leikeområde, også. Og på enden av Tjønnmyrå er det fint å ta kaffipause og nyte utsikten.
I dag kunne ein på rundturen nyte lyden av fossedur, elevsus og intens fuglesong!
Fleire bilete frå 13. mai: