Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for prøvekjøring av nytt lakkanlegg på Talgø

Jon Olav Ørsal Fredag 16. desember 2022

Mykje av det siste året har gått med til å førebu renoveringen av overflateavdelinga på Talgøfabrikken på Kvennset.  Etter at det var slutt på produksjon av møblar og veggpanel har maskinene på lakkavdelingen stått nærast ubruka. Men i kjølvatnet av «royalsaka» har det etter kvart vorte aktuelt å overflatebehandle kledning på ein effektiv måte, og derfor vart det aktuelt å rehabilitere overflateavdelinga og bytte ut ein del maskiner for å tilpasse utstyret for overflatebehandling av kledning. 

Nøgde med resultatet. John Moe har vore prosjektleiar , Her studeres resultatet av testkøyringa saman med Oskar Kalvø som representerer målingleverandøren Sherwin-Williams. Foto Jon Olav Ørsal

Ein god del utstyr vart demontert og lokala var pussa opp og fikk nytt epoxygulv og no i haust har det vore montert ein del nytt utstyr. Denne veka kom den siste leveransen – ein sprøyteautomat – og når denne var på plass var det klart for prøvekjøring torsdag kveld.  Det er alltid spanande når nytt utstyr skal kjørast i gang, men den første kjøringa gikk over all forventning, seier John Moe, som har vore prosjektleiar for denne nyvinninga.  

Mykje romstort utsyr som skulle inn i den nyrenoverte produksjonshallen. Foto Jon Olav Ørsal

Eit anna argument for å ruste opp og kjøre i gang overflateavdeling er sjølvsagt at Talgø vil ta vare på den kompetansen som finnes på overflatebehandling ved bedrifta.  Talgø har gjennom tida vore viden kjent for sin kvalitet og finish på sine produkt.  No blir det prøvekjøring dei siste dagane før juleferien, og så blir det etter kvart køyrt i gang med full trøkk etter kart utpå nyåret.  

Ved anlegget i Todalen vil det no bli køyrt kledning for å oppnå spesifikke brannkrav med tanke på bruk der brannkrava er spesielt viktige for å få godkjent til bruk i bl.a. rømningsvegar i større bygg.  

Sprøyteautomaten tar 5 panelfjøler i slengen – en runde i den nye lakkavdelingen gir tre strøk ferdigmåla i andre enden av anlegget. Foto Jon Olav Ørsal

John Moe saman med dansken Nicolai Nielsen som er montør og testkøyrar for utstyrleverandøren Ceetec i Danmark. Foto Jon Olav Ørsal

Tipp topp moderne målinganlegg for måling av veggkledning. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. desember 2022, 20:00