Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for påskekonsert

Elinor Bolme Onsdag 16. april 2014

Konsert kan vera kulturell påskeniste, seier organist Bernt G. Bøe og soknerådsleiar i Todalen, Ildri Øyen. Nordmøringar har eit fint tilbod skjærtorsdag og langfredag. Festivalkvartetten (Alex Robson og Åshildf Nyhus, fiolin, Anders Rensvik, bratsj og Joakim Munkner, cello) og solist Sigrid Vetleseter Bøe framfører klassisk og nyare musikk for song og strykarar. Konsertane går i Todalen og Hov kyrkjer torsdag og  i Nordlandet og Tingvoll fredag.

Blant komponistane er Mozart, Beethoven, Vivaldi, Verdi og vårt tids store estlendar Arvo Pärt.

 

Konsertane går slik:

  • Todalen kyrkje skjærtorsdag 17. april kl. 16.00
  • Hov kirke, Sunndalsøra, skjærtorsdag 17. april kl. 20.00
  • Nordlandet kirke, Kristiansund, langfredag 18. april kl. 17.00
  • Tingvoll kyrkje langfredag 18. april kl. 20.00
Først publisert: 16. april 2014, 08:00 - Sist oppdatert: 15. april 2014, 17:54