Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for nytt demenskor i Surnadal – blir du med?

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. september 2025

Surnadal demensforening og helselag ligg no i startgropa for å starte med eit nytt kor i Surnadal, og tenkje da på eit kor for menneske som lever med demens, fortel leiar i foreninga Liv Botten. Aller først vil ho lodde stemninga for eit slik kor, og inviterer til første oppmøte tysdag 9. september kl 17:00 på Frivilligsentralen på Skei. 

Har du lyst til å bli med i eit slik kor, eller er du pårørande til ein person som har demenssjukdom, eller har du ein venn/venninne som du kan tenkje deg har lyst til å bli med – ein tidlegare kollega eller nabo eller nær sagt kven som helst – så kom og bli med, seier Liv.

Møt opp på Frivilligsentralen tysdag 9. september – det er da det skjer!

Musikk fungerer som ein kommunikasjonskanal med personar med demens, når språkfunksjonen blir svekka. Å synge saman, enten i kor eller mindre grupper, skaper gode opplevingar for den demensramma og frivillige. Forsking viser også at korsong kan redusere depresjon, betre livskvaliteten og gir ofte moglegheit til å oppleve meistring og fellesskap, fortel Liv

Derfor inviterast aktuelle personar samt pårørande og andre interesserte som kan tenkje seg å hjelpe til med dette til å møte opp.  Songglede, fellesskap og gode stunder står i sentrum – her handlar det ikkje om prestasjon, men om å være i lag og oppleve musikken.

Rolf Arne Berg er alt hyra inn som dirigent for det nye koret, og pianisten er også klar – det blir Erkki Morten Klami.  Dei to vil du møte og bli kjent med denne tysdagskvelden.

Arrangør er Surnadal demensforening og helselag  – har du behov for meir info så treffer du Liv Botten på telefon 957 29 719. 

Alle er hjarteleg velkomne!

Publisert: 2. september 2025, 17:29