Søndag startar Norway Cup, verdas største fotballturnering, og i år stiller Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen med to lag; eit G14 og eit G16. Ellers stiller Kvass/Ulvungen med eige J14 lag, og eit i samarbeid med Surnadal i klassen J16. Grundige forberedelsar er gjort, både spelemessig og i støtteaparatet i rundt. Lagledelsen har ordna i stand eit infohefte for alle involverte, slik at spelarar, trenarar og føresatte skal få ei best mogleg oppleving av arrangementet.
For å følgje laga utover i turneringa kan de gå inn på cupassist, her oppdaterest resultat fortløpande i turneringa. På Norway cup sine eigne nettsider er det også ein eigen omtale av «Skråstreklaga», forfatta av Knut Haugen. Gå hit for å lesa den.
Ellers har G16 laget i ferien hatt fleire treningskampar i forkant av turneringa, både mot Surnadal og Sunndal. Den siste var mot Sunndal i Ålvundfjorden på onsdag, der Sunndal gjekk av med seieren. Kampreferatet finn de på ilsøya si nettside.
Todalen.no ynskjer spelarane og støtteapparatet lykke til, og håper på ei og anna oppdateringa.