Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for mosjonsløpet Ræta Opp – bli med og støtt du og!

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juni 2020

Ræta Opp er eit mosjonsløp på 3 km som arrangerast av Todalen IL , og som har både start og målgang på Bordholmen. Ræta Opp er eigenleg eit spesielt løp som har eit sosialt tilsnitt, for startkontingenten går kvart år i si heilheit til eit samfunnsnyttig formål – som kjem barn og ungdom til gode. I 2020 er det Sykehusklovnene som er den heldig mottakar, fortel Ingvild Kårvatn som er løpsleiar.

I år veit vi alle at det er eit spesielt år – Noreg har meir eller mindre vore stengt ned, og det var lenge uklart om det vart nokon Todalsdag.  Litt om litt har samfunnet vorte opna igjen og det er forlengst avklart at det blir Todalsdag og Ræta opp om enn litt avkorta – og tilpassa nasjonale og lokale «koronakrav».  

Klart er det imidlertid at startskotet for årets Ræta Opp går laurdag kl 12:00 og da gjelder det å stille på startstreken med startnummer – enten du er liten eller stor.  Uansett om du vil kjempe om løyperekorden eller bruke den tida du sjølv vil så er det viktig at du er med og støtter. Du kan også støtte med å betale startkontingent, sjølv om du ikkje vil ta del i løpet. Startkontingenen er kr 100 for vaksne og kr 50 for deg som er under 14 år. – Du vippser berre startkontingenen til Vipps #107833, så er du med og støtter! Og inntekta går uavkorta til Sykehusklovnene! 

her finn du alle data om Ræta Opp

Nå finner man også Ræta Opp på den populære løpeappen Strava, fortel Knut Bergli – her ser du kva han presterer på Ræta Opp – klarer du å slå han?

resten av programmet ser slik ut:

Kl. 11:00 åpner loppemarkedet
Kl. 11:00 starter salget av grillmat.
Kl. 12:00 starter Ræta opp
Kl. 13:00 Starter fotballaktiviteten.
Kl. 14:00 avsluttes loppemarkedet.

 

Publisert: 24. juni 2020, 07:47