Ein liten situasjonsrapport frå ungdomshuset, der det no toppar seg i førebuingane til Hjortfesta laurdag kveld. Det er dekt til fest i storsalen, med kvite dukar og alt som hører til. På kjøkkenet var det full sjau med potetskaling og bruning av elgkjøttdeig. – Her skal det bli både nok mat og god mat fortalte sjefskokk Håvard Halset. Det er jaktlaget på sørsia (Bruset/Øya/Ørsal/Halset) som er vertskap og i år er det ikkje noko påmelding – billetter kjøpes ved inngangen når du kjem til festa.

Med borddekkjing og underhaldning som spesiale. Frå venstre: John Moe, Ola Bruset, Ola Ansnes, Rune Moe, Ståle Ansnes og Kristen Bruset. Foto: Jon Olav Ørsal
Dei byr altså på viltrett til varmrett, og kaffe etterpå. Billettprisen er kr 200, som dekkjer inngang og mat. Drikke til kjem i tillegg, men dei har både brus, øl og vin som du kan kjøpe etter eige ønskje.
Litt lett underhaldning blir det også, med bl.a. ein rask quiz-konkurranse. Hovudattraksjone i underhaldninga er nok utdeling av heidersprisen «Den Gyldne Patron» som no skal delast ut for 2014. Kven som får den får vi leva i spenning på til laurdag kveld. Etterpå bli det høve til ein svingom.
Alle er velkomne!