Neste laurdag startar første dugnadsrunde i prosjektet Krafttak for kratt. Prosjektgruppa har hatt planleggingsmøte og inviterer dermed til dugnad frå klokka 10 laurdag 11. februar frå rasteplassen og utover mot tunellen. Her er det behov for tre ulike kvalitetar på dugnadsinnsatsen:
- Motorsagkyndig: må kunne handtere motorsag etter forskriftene og ha nødvendig verneutstyr.
- Kvistryddar; er i stand til å rydde kvist og bere passeleg store strangar i litt ulendt terreng
- Serveringskyndig; lage enkel dugnadsmat og koke kaffe
Dei som ønsker å delta på motorsag/rydding tek kontakt med John Moe på telefon 920 48 856 innan torsdag 9.februar. Dei som vil delta med servering tek kontakt med Ragnhild A Moe på telefon 922 02 656.
Her er det tenkt oppmøte klokka 10 for dei som handterer motorsagene, og så kjem kvistryddarane til klokka 12. John Moe og Ola Bruset som er ansvarlege for ryddeprosjektet poengterer at all innsats med motorsag er på eige ansvar, og dei som melder seg til dette må ha utstyret i orden. Ellers håpar dei på positivt engasjement i bygda, som gir bolyst og trivsel for felles innsats i bygda.
Ellers regner dei med at det blir fleire dugnadar fleire laurdagar, så om det ikkje passar den 11. er det rå neste gong det blir oppsett dag. Drivstoff til motorsager blir dekt av innkomne midlar frå middagserveringa før jul.