Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for feiring

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mai 2019

Ein tur rundt bygda avslører at det blir gjort førebuingar til nasjonaldagen – 17.-maikomiteen ståka med pynting og ordning til arrangementet i skulen, og eit «kokkelag» hadde god kontroll på produksjon av massevis med kjøttsuppe til arrangementet i morgon.

«Kokkelauget» i fullt arbeid med suppe til feiringa i skulen. Foto: Jon Olav Ørsal

Gradstokken viser også langt opp mot 20-talet, og yr.no lovar finvêr og temperatur over 20-talet i på sjølve nasjonaldagen. Rune Moe som er leiar i arrangementskomiteen ønskjer alle velkomne til feiring i morgon, og håpar at alle får ei triveleg feiring av nasjonaldagen enten du vil delta på heile programmet eller på deler av det.  Rune presiserer at det er frivillig om ein vil kjøpe frukost på Bordholmen eller kjøpe billett til servering av kjøttsuppe i skulen og alle er sjølvsagt velkomne til både Bordholmen og skulen likevel.

Nokre bilder rundt omkring fortel i sitt eige språk at våren er komen for fullt, men fine grøne lier som står i sterk kontrast til snøen i fjella.

Utsikt frå Stranda – Skjeringfjellet og Snøfjellet i bakgrunnen. Foto: Jon Olav Ørsal

Våryre bekkar i Stranda – omkransa av grønt bjørkeløv. Foto: Jon Olav Ørsal

Stille før stormen – klart for frokostinnrykk på Bordholmen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 16. mai 2019, 19:16 - Sist oppdatert: 17. mai 2019, 06:07