Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Solsnu: Klart for den kortaste natta i året

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juni 2024

I løpet av dagen er det sommarsolsnu, nærare bestemt i kveld – 20. juni kl 22:50 – dermed vil vi no oppleve årets kortaste natt.  Etter solsnu vil det sakte men sikker gå mot lengre netter og kortare dagar igjen.  Dei første dagane etter sommarsolnu går dette sakte, men etter kvart vil dagane her på traktane bli 6 minutt kortare for kvar dag, heilt til vi når vintersolsnu i desember.

Slik er jordas stilling i forhold til sola på solsnudagen. Ill:Wikipedia

 

Både sommarsolsnu og vintersolsnu kjem til forskjellige tider og datoar frå år til år. Årsaka til det er at året ikkje er akkurat 365 dagar, men er rundt rekna 5 timar og 55 minutt lengre.  Difor blir dette korrigert med ein dag ekstra i februar kvart 4. år – da har vi skottår.  

Publisert: 20. juni 2024, 07:48