Komande søndag 10. november kl 15:00 inviterer Todalsen historielag til tradisjonelt bokslepp for å presentere årsskriftet for 2024, som er nr 23 i rekkja. Årsskriftet byr på 82 sider med variert historisk stoff – for det meste kortreist lokalhistorie både frå gamal tid og litt nyare stoff i fin blanding.
Fleire gjesteskribentar har vore i aksjon det siste året, ein av dei er Nils Olav Talgøy som har skrive om den siste bjønnaskyttaren – i sommar var det nemleg 100 år sia Ola L. Gjeldnes frå Gjengstøa skaut «Skeivlabben» innmed Trollhøtta. Gjesteskribent er også Bernt Bøe som skriv om Martinus Bøe som kollsigla ved Båtvika på tur til Kristiansund i 1909 – kona hans Ingrid Gjeldnes var frå Todalen, og ho flytta heim att til Gjengstøa.
Gjesteskribent er også Odd Arne Hoel, som skriv om Trollheimsvegen – vegen som det ikkje vart noko av. Han oppsumerer kva som skjedde og fortel om at det forgjeves var børsta støv av planene på 50- og 60-talet.
Kulturelt innslag blir det og – Jon Bjarne Husby og Øystein Moe vil by på eit innslag med musikk og song, der Jon vil framføre kjente melodiar som han har laga eigne tekster til. Elles blir det sjølvsagt traktering med sal av graut og bakels til kaffen!
Og ei lita påminning – Ta ein sjekk på medlemkontingenten din – har du hugsa å betale. Dei som har betalt medlemkontingenten sin får nemleg utlever eit årsskrift på medlemskapet.