Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for bading – rekordtidleg?

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. mai 2024

Når Hønhalsen har gått av er det klart for bading.  I føremiddag skjedde det, og no ligg det altså til rette for å starte badesesongen på «legalt» vis.  Det var Ingri Bruset som var kjapp på avtrekkaren da ho oppdaga at Hønhalsen hadde gått av, og ho lura sjølvsagt på om dette er rekordtidleg.  

Vi i redaksjonen kan ikkje hugse at det har skjedd så tidleg før, så dersom nokon sitt på info om det så vil vi gjerne høyre om det. 

Snøsmeltinga har iallfall gått veldig fort dei siste dagane og det er lett å sjå at snøen i fjella har minka med rekordfart dei site par vekene. Men så har det da vore temperaturar rundt 30-talet i fleire dagar – også høge temperaturar i høgfjellet. 

I Trollheimen er det ein god del snø att enno, så det er ingen umiddelbar fare for vassføringa til laksefisket startar komande helg – og så er det da godt med sol og varme da!

Publisert: 28. mai 2024, 11:24