På laurdag samlas små og store til årets Søyacup. Med 78 påmeldte lag blir det full rulle frå morgon til kveld. Det meste er no på stell både med bane og områda i rundt, og kampoppsettet er ferdigstilt.

Dugnadsgjengen har jobba fleire kvelder for å klargjere dei ulike områda.

Med litt regn i vente kan stortelt være greit å rigge opp.
IL Søya set kvalifiserte dommarar høgt på sine arrangement, og hadde onsdag kveld dommarkurs for dei som skal i aksjon.

Ola Magne Nordvik drillar dommargjengen slik at dei er klare for dømming. Barnefotballen krev ikkje det samme av dommarane som i eldre klassar. Likevel er det viktig med tydelege og gode veiledninger til dei små.
Sjå kampoppsettet her: Søyacup 2019
Alle foto: IL Søya