Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klargjort for sesongopning

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. mai 2024

Tysdags kveld var det tradisjonell dugnad og klargjering for sesongopning i Svinviks arboret.   Ein fast gjeng fra Hagelaget og fleire til kom med river og anna hageutstyr for å gjera ein innsats i hagen.  Regnet kom omtrent samtidig, men det la ikkje nokon dempar på innsatsen og humøret iallfall. 

Litt regnvër la slett ikkje nokon dempar verken på humør eller arbeidslyst. Foto Katharina W. Bladh

Vi var ein effektiv gjeng, og fikk gjort veldig mykje, seier Katarina Wedelsbäck Bladh, som er museumsbotaniker i Nordmøre museum og fagleg ansvarleg for arboretet.  – No er det berre finpuss som står att før vi kan opne arboretet for publikum i pinsehelga, eller rettare sagt den 18. mai er det sesongstart.  Etterpå var dugnadsmannskapet traktert med sodd og eplekake i kafeteriaen.  

Det blir mykje rusk og rask etter ein lang vinter. Foto Katharina W. Bladh

Dei første rododendronane er alt komne i blomstring. Blir det meir varme no så blir det fart på blomstringa.     foto Katharina W. Bladh

Publisert: 7. mai 2024, 21:22