Svorka ordnar seg på å reparere skaen på høgspentlinja inn til Todalen – to kablar på linja vart kutta i samband med trefall under stormen Amy for eit par veker sia. I mellomtida går straumforsyninga via høgspentkablar frå Drivhammaren og innover til kraftstasjonen i Rossåa. Pål Heggset og John Langli er i gang med linjeryddinga og klargjer området til reparasjonsarbeidet startar.
Dei to er innleid til linjerydding for Svorka. Dei to blir nok ikkje arbeidsledige med det første, med den tilveksten som er på krattskogen i alle linjetrasear i heile Svorkaområdet. Pål Heggset er forresten godt kjent i Todalen, da han jobba med skogsarbeid i 12-13 år på slutten av nittiyalet og først på 2000-talet.
Men no er det altså klargjering av området for reparasjon av linja inn til Todalen – her må det skiftast fleire pålar og det må strekkjast 2 nye linjer før det blir vinter.


