Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klare for ungdoms-VM i Skyrunning i Montenegro

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2024

I dag stiller 14 norske landslagskandidater på startstreken Ungdoms-VM i Skyrunning i Bar i Montenegro.  Lokalt er det to frå Trollheimen Fjellsportklubb som deltek – Erik Kårvatn og Isak Dropping.  I dag arrangeres vertikal – det vil seie førstemann til toppen, og det blir veldig spennande.

Totalt er det 206 deltakarar, så det er ikkje noko å få gratis.  I klassen til Erik – U23 – er det 44 deltakarar, og start alt kl 07.00.  Isak har 34 deltakarar å kjempe mot i sin klasse, med start kl 7.10. Det er veldig varmt i området, difor er det start så tidleg på morgonen.  Dette blir spennende, og vi ønskjer lykke til!

Erik Kårvatn og Isak Drøpping representerer begge landslaget for Trollheimen Fjellsportklubb. I dag startar dei i Ungdoms-VM i Bar i Montenegro. Foto @kaarvatn

 

Publisert: 28. juni 2024, 05:39