På laurdag var dugnadsgjengen som har tatt på seg oppdraget med å lage storliv rundt Dalahaugen under kommande helgs randoneerenn på «stadion» for å forberede alskens aktiviteter for gammal og ung. Og aktivitet blir det i massevis kan dugnadssjef Ragnar Halle fortelje. Under laurdagens dugnadsøkt vart det blant anna laga to hoppar, slalomløype og to ulike trassear for minirandonee.
For ikkje å komme i vegen for hovedrennet som har fellesstart klokka 12 oppfordrar arrangørane at publikum og deltakarar til Dalahaugen Open dukkar opp til ca 11.30. -Da får ein parkert bilen og rekk å få med seg spurten opp frå målområdet av norgescuprennet, før Dalahaugen Open blir igangsett når startområdet blir ledig igjen, fortel Ragnar.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/02/Unknown-1-1200x741.jpeg)
Fine forhold til hoppbakkebygging.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/02/Unknown-5-1200x900.jpeg)
Laila Bergli og Ola Dalsegg verkar for å ha arrangert hopprenn før.. Hoppen ligg rett ved målområdet til hovedrennet.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/02/Unknown-6-1200x900.jpeg)
Hopp, slalom og minirando. Her kan både store og små leike seg på timesvis til helga! Randoløypa er delt inn ei kort og ei litt lengre, der alle kjem i mål på samme plass som dei proffe utøvarane.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/02/Unknown-1200x675.jpeg)
Første prøvehoppar ut; Ådne Gjeldnes kvalitetssikrar hoppen, og kjem nok til å stille til start til helga også. Og da med både premiar og diplomar til alle små.
![](http://todalen.no/wp-content/uploads/2019/02/Unknown-2-1200x1153.jpeg)
Hopptrappar Gjeldnes gler seg til yrande skileik kommande helg. Og likar du ikkje å hoppe kan ein tur i akebakken vere eit alternativ.
I målområdet vil det bli kiosksalg med både kaffe, bakels og pølser med brød. Ta gjerne med sitjeunderlag så skal vi lage fine benkar rundt om i løypa oppfordrar Ragnar, som håper at både bygdefolket og andre tek turen opp til Kårvatn laurdag. -Til og med vêret blir perfekt lovar han!
Foto: Anders Gjeldnes og Laila Bergli